
Bruse – ditt fiberselskap
Informasjon til eigarane våre:
Vi i Bruse er stolte av å jobbe for deg!
Bruse er eit selskap som er eigd av Hallingdal Kraftnett, Hemsedal Energi og Ustekveikja Energi som i sin tur er eigd av alle kommunane i Hallingdal. Det vil seie kommunane Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nes og Flå. Difor er det til sj uande og sist innbyggarane som er våre eigarar. Det er til det beste for alle i Hallingdal at vi vert nytta.
Bruse leverer Altibox gjennom fibernettet til Hallingdal Kraftnett. Hallingdal Kraftnett har bygd samfunnskritisk infrastruktur i meir enn 100 år, og vi trur fibernettet blir like viktig som strømnettet i framtida.
Vi veit at sikkert og trygt breiband er viktig. Det er viktig for næringslivet i dalen, og for deg som privatperson. Kvar dag jobbar vi hardt for å sikre dei beste tekniske løysingane, bygge ut fibernettet med høg kvalitet saman med Hallingdal Kraftnett og tilby dei beste tv- og underhaldningsløysingane gjennom Altibox.
Mange som bur i Hallingdal er alt våre kundar, og det takkar vi for! Saman bygger vi Hallingdal!
Vi vil framover bygge ut fibernettet vårt, og gjere det mogeleg for fleire av eigarane våre å bli våre kundar. Dette ser vi fram til, men vil og beklage om arbeidet vårt medfører noko ulempe i anleggsperioden.